Færøyarne

Hjaa gamalt norskt folk

av Hans Reynolds

Søk i boka:

.
    Innhald
  1. Soga. - Hovudstaden Torshavn. - Styre
  2. Ein Tur til Suderøy. - Songdansen. - Klædebunaden. - Folkelyndet
  3. Maalet. - Bokheimen. - Skulestellet. - Kyrkja
  4. Bispesætet Kyrkjebø. - Vokstrlivet. - Dyreriket. - Politik. - Jordbruket
  5. Ein Tur til Mikjunes. - Fugleveidingi. - Livevis. - Heimeverket. - Seder og Skikkar
  6. Kvalveidingi. - Fisket. - Baatar
  7. Olavsfesten. - Torshavn Skans
  8. Samhugen med Noreg. - Aandelegt Samkvæme
  9. Norrøna-Stemna paa Voss. - «Norrøna Stevnan» paa Færøyarne

Fyreord

Dette er for det meste ei skildring fraa eit Upphald paa Færøyarne i 1902. Sumt er fulla noko onnorleis derburte no.

H.R.

Til Færøyarne
Øyland midt i Nordhavs Brak
med di sterke Soga bak,
frilyndt Nordmann elskar deg,
Tanken gjeng i Vesterveg,
flyg dit ut paa stormfull Sky
- huga knyta Band påany!

Mangt eit herlegt Land eg saag,
Palmestrender for meg laag,
underfagre Sørlands-Kveld
med sitt rike Stierne-Tjeld ...
Øyland vest med Fjellgard blaa,
du hev Hugen min endaa!

Magnuskyrkia paa di Strand
skodar mot det gamle Land,
austpaa det var vanleg Kos
- Bispen høg i Nidaros!
Frendar tidt i samla Lag
vitja gilde Trondheims Stad.

Færøygut, paa Bjørgvins Vaag
visst ein Masterskog du saag
- hundrad Segl paa blaae Fjord,
daa Kong Haakons Snekkjor fór,
mang ein Skotte maatte døy,
daa me kom til Suderøy!

Titing millom Gras og Lyng
vænt um Sumardagen syng;
vesle Blom paa Færøy-Fjell
tungt aa segja deg Farvel
- fagre Gjenta, djerve Gut,
Fugleferd kring Berg og Nut!

Ungdom spræk i Leik og Dans,
Tinderad i kveldraud Glans
for mitt Minne vil du staa
Færøyflagg med Tjelden paa. -
Høgt i Solrøyk Skalingfjell
blaanar burt ... Farvel! Farvel!

Hans Reynolds.

Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923. - 158 s.
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen