Fra: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk

Olavsfesten - Torshavn Skans

av Hans Reynolds

Den største Høgtidsdag paa Færøyarne er Olavsdagen (Ólavsøkudagur). Daa strøymer Folk ifraa alle Øyarne til Festen i Hovudstaden Torshavn. Olav den Heilage (Ólavur hin Heilagi, Olavur santi Kongur) hev vore Færøyarne si Verja, og etter gamall Skikk opnar dei det færøyske Lagting paa Avferdsdagen hans den 29de juli med Messa i Torshavn Kyrkja. Dit kjem Tingmennerne i Festgonga og tek Sessarne sine upp-i Koren. Dei trur, at den Skikken aa opna Tinget paa Olavsdagen tok til ei Stund etter, at Kristendomen var innførd, daa Kong Olav var skrinlagd, og Eldhugen for den yvernatturlege Magt, han aatte, hadde spreidt seg til Færøyarne.

Medan eg var der burte, var det 50-Aarsdagen for Uppatt-Reisingi av Lagtinget. Det var difor søkt um, at Festpreika maatte verta haldi paa færøysk, av di det her galdt Minnet um ein gamall national Skipnad. Ho vart haldi paa dansk, men dei meinte mannjamt, at det vilde ha vore meir festlegt, um Meiningi med Dagen hadde vorte tolka paa Færøyingarne sitt eige Maal.

Føroya Tunga, gamla góða,
ei í Kyrkju mátti ljóða;
danska Málið Sessin tók.

(Simun av Skarði.)


Tó lítið vit okkum til danskan Sið hevja1)
men Módurmálið vit nýta og krevja,
ti tað hóskar2) best her í Føroytun.

(Jóan Peter uppi i Trøð).

Eg saag meg kring um i Kyrkja, og eg sakna mange av dei stautaste Ungdomarne. Dei var ikkje møtt fram, av di Færøymaalet var sett tilsides og ikkje var godt nok. Hadde det vore onnorleis: hadde Preika vore paa det heimlege Maalet, hadde Kyrkjelyden fenge syngja færøyske Salmar paa denne Minnedagen og tilslutt kunna reist seg og sunge av Hjarta «Eg Oyggjar veit - Gud signi mitt Føðiland Føroyar», daa hadde eg nok set dei varmhuga Kjenningarne mine der, med sylvknappa Bunader og skinande Andlit ....

Til Føroyar

Olavsdagen 1902.3)

Du blaaner frem i Nordhavs Brus
med Skoddesvøb om Tind,
du Land, hvor Sverre Konges Vugge stod;
hvor mangen Høvding speided
fra sin Løfting Leden ind,
der færdes end en Slægt med Kraft og Mod.

Ei lægger Langskib under Ø,
ei høres Aaretakt
fra skjolddækt Skrog med brynjeklædte Mænd;
men staute Skud av Haralds Æt
om Fædres Arv staar Vakt
med Troskabs Aand, om ei med Sverd ved Lænd.

De reise vil ved ærlig Id
sin sunkne Fortidshal
paa ryddet Tue og paa egen Grund;
thi Aanden lever end idag
- som Tegn ei glemmes skal
Norrønamaalets Klang fra Barnemund!

Vær hilset, gamle Frændefolk,
paa Førjars Klippekyst,
hold freidig sammen, enige og tro;
din Ungdom gaar bak Merket frem
og vover glad en Dyst,
og av dens Kamp det spire vil og gro.

Vær hilset, naar paa Olavs Dag
du samler dine Mænd,
du Land med Hjertelag bak fjeldhaardt Bryst;
om Bresteson i Haug er lagt,
hans Aand dog gaar igjen,
saa længe Bølgen bruser om din Kyst.

(H. R.)

I Lagtinget sit Amtmannen, Prosten og 20 folkevalde Menner. Det vert vald paa 4 Aar og hev nær, om same Raade-Rett som dei norske Fylkes-Ting elder Amts-Ting. Men det kann koma med Framlegg til Loger for Øyarne, og dei vert seinare dryfte og av, gjorde i den danske Riksdagen.

Tingmennerne er samla i 6 Vikor og hadde 2 Kr. Dagen, den Tid eg var paa Øyarne.

Den mest hugvarme Høgtidi ved Olavsfesten gjekk for seg uni Eftan under Murarne paa Torshavn Skans. Han er no nedlagd, men dei 4 Kanonarne, som er att, dundra ved dette Høvet kraftig laus over Hovudet paa oss. Dei vart passa av det einaste «Militæret» paa Øyarne, tvo gamle Politikonstablar, som hadde stade ved Garnisonen der. Han er no uppløyst, men var ein Gong paa 38 Mann. Det heiter, at det var Magnus Heineson, som bygde den fyrste Skansen i Torshavn, venteleg paa same Staden. Det vesle Fortet, som no er, vart truleg bygt i 1630 og hev vore herja av Fienden fleire Gonger, sist av Engelsmannen i 1808. Ein av Kanonarne der var fraa Vraket aat Ostindiefararen «Norske Løve».

Um Skansen syng dei i eit Kvæde paa Færøyarne. Det heiter «Gortlands Kvæði». Kvædet er um Hertakingi av Torshavn Skans i 1808 (eit Spottedikt um det laake Forsvaret, Torshavn hadde i den Tidi). Spottevisa vender seg nærmast mot Kommandanten paa Skansen, Løbner (Ulvur á Gortlandi).

Her paa Skansen tala Amtmannen for Lagtinget og Riksdagsmann Jóannes Patursson for Fedralandet. Han var klædd i full Nationalbunad og med «Stavnhetta». Ein Student tala for Ungdomen. Alle paa klingande færøysk. Og daa det nyskipa Hornmusikkorps sette i med «Ja, vi elsker», som vart vald som Tone til ein Song til Færøyarne, daa gjekk Tankarne mine yver Havet til eit Fjell-Land - so likt det, som no laag i kring um meg i Kveldsoll - høgt, vérhardt og i Susen av Havstormarne, med snøtekkte Tindar, fròdande Fossefall, grøne Bøar og djupe, stille Dalar.
Til Noreg ....

Endaa Folket i Torshavn tøgier seg so langt, dei kann, med Husrom under Olavsfesten - ein Huslyd hadde eingong tretti Gjester - plar det stundom koma so mykje Folk, at det finst deim, som maa sova i Baatarne sine elder reika umkring paa Gatorne um Natti. Men det er so ljost, at ein kann lesa i ei Bok ved 1-Tidi, og elles er det tvilsamt, um det vert vidare med Svevn. Dei driv gjerne paa med Færøydans til Solrenningi og enno lenger, og ved Lagtingsfesten i 1902 hadde Ungdomen Raade-Rett yver ikkje minder held 4 Møtesalar - jamvel Tingstova. Her, som Amtmannen um Middagen hadde havt Forsæte med kvite Fjører i Hatten, var han sjølv med i Dansen, og Presten og Doktaren og Apotekaren var med i Ringen, medan Folketings-Mannen svinga seg sprettug millom Ungdomen og song av full Hals.

Dei held Olavsfesten i fleire Dagar med Dans utn Kveldarne, for det er sjeldan, det høver for Landsfolket aa korna til Byen. For sume vert det berre denne eine Gongen for Aaret. Her møtest dei med Kjenningar fraa alle Øyarne her og der, og Ungdomen dansar og moroar seg av full Hug som eit velkome Byte paa Livet i dei einslege Bygderne.

Færøydansen er sers forvitneleg, som eg fyrr hev nernd. Og det ser ut for det, at han vinn alle Framande og Innfødde - kven det so er! Daa eg kom inn til Frukost paa Gjestgjevargarden Dagen etter Olavsfesten, raaka eg Presten fraa Nord-Øyarne. Me tala daa um Festen og all Dansen Dagen fyreaat. «Ja», sa Presten, «eg høyrde Ungdomen dansa burte paa Brui her Kl. 8 idag-tidleg, og Skamm aa segja laag eg i Sengi og slo Takti!».

I det vesle, tjøre-brædde Hotellet i Torshavn, der eg budde, heldt no ogso fleire av Lagtingsmennerne til, og daa eg fyrste Gongen saag «Landsens Kbrne» eta Grindkval-Spekk elder Flesk med svart Skinn paa, vart eg freista til aa ha meg undan. Men kvart Land hev sine Skikkar, og det er visst, at Bitarne gleid fort ned med varme jordeple til.

  1. etter dansk Sed tek etter.
  2. høver.
  3. Prenta i Bladi @~Dimmalætting" (Dagning) og c~Tingakrossur" (Bodstikka), Torshavn,
Utdrag (s. 118-124) fra:
Hans Reynolds: Færøyarne. Hjaa gamalt norskt folk. - Nidaros 1923
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen