Hebridarne | Dei gamle Høglands-regiment i Skottland | Orknøyarne | Shetland | Irland | Man

Fra: I vesterveg

Man

av Hans Reynolds

«Vaart vesle folk er no det
einaste norske folk paa jordi,
Som kan nevetakast med
soge-tidi og sjøkongarne,»
dvs: møter paa tingvollen.
  (Manbuen Hall Caine).

Fraa Dublin fór eg ut til den vesle øyi Man (gamalnorsk «Mòn») som ligg midt i Irskesjøen, paa lag like langt fraa England, Skottland og Irland. Snøggbaaten «Tynwald» (Tingvollen) førde meg til den gamle norske ut-bygdi paa 4-5 timar. Dei baatarne, som gjeng dit, er utorkjende millom alle andre paa det manske vaapn i flagget: tri leggar, som stend ihop i ein cirkel. Mottoet er: «Kast meg, som du vil, eg stend lika godt.» Det vaapnet, som no er, kjem seg fraa den skotske tidi paa Man. Dei norske sjøkongarne der burte hadde eit skip til merke.

Øyi er berre 4 norske mil lang og 2 mil breid og hev 56,000 ibuarar.

«Bort svømmede Man,
den gyldne And,»

syng Wergeland, og dette bilætet av øyi er sers raakande, for ho er grøderik og velstellt. Det er mykje regn der og sjeldan snø, fraateke i fjell-lendi.

Dei kallar den vesle øyi for eit kongerike, og ho hev sin eigen riks-skipnad, som fraa fyrsto er norsk.

Medan det britiske parlamentet vedtek logir for England, Skottland og lrland, gjeld ikkje slike logir for Man, minder dei er stadfest av øyi sitt eige parlament og kunngjord fraa tingvollen. Den ligg ved landsbyen St. John's, nærom midt paa øyi. Dit strøymer man-buerne i tusundvis kvar 5te juli for aa lyda paa, at dei les upp dei logirne, som er gjevne att igjenom aaret. Logirne vert lesne baade paa mansk og engelsk.

Forf. Hall Caine, som bur paa det væne Greeba slott, ikkje langt fraa St. John's, hev skrive mykje um «tingvoll-dagen», den store festdagen paa Man. Kong Orry (den fyrste norske kongen) gav oss riks-skipnaden vaar, segjer han. Denne skipnaden var etter mynstr av den grunnlogi, som just var førd inn paa Island. Etterdi man-buerne var eit folk av fiskarar og sjørøvarar, bytte han øyi i seks skipreidor, no kalla «sheadings». Kvar skipreida valde fire menner til ei lovgjevande forsamling. Denne forsamlingi var maken til den islandske «løgretta» og vart kalla «the House of Keys». Kva ordet tyder, hev dei ikkje plent greida paa. Sume meiner, at det kjem seg utav det manske «Kiare-as-Feed» (dei 24), medan ein islandsk sògemann trur, at det kjem seg fraa det norske ord keise (kjosa) eller valde menn. House of Keys hev 24 tingmenner. Dei sit paa sitt norske Løgberg enno, som dei gjorde paa tingvollarne paa Island. Den manske tingvollen kann ikkje venta aa verta jamstellt med den paa Island, med isbrederne ikring. Men paa Man er det ogso fjell til alle kantar.

I gamle dagar sat kongen paa toppen av haugen med andlitet mot aust, medan han heldt sverdet upp framanfor seg, og landshovdingen paa Man gjer likeins no til dags. Naar ein tek fraa eit serskild alting, som dei heldt i 70-aari, daa kongen av Danmark vitja Island, hadde islendingerne det siste tinget under berr himmel i aaret 1800. Manbuerne er dei einaste, som hev det, etter at det er teke burt i alle dei norske ut-bygder paa Vesterhavsøyarne. Skal ogso me leggja det ned? spyrr Hall Caine. Skal me læ aat det som eit skodespel liksom, som er faa-nyttugt i ei tid med bøker og blad, og løglegt og høg-svivande i sidfrakken og omnsrøyrhatten sine dagar? Eg tykkjer ikkje det. Me hev ikkje raad til aa kasta det burt. Hugs paa, at det er det siste synlege merke paa vaart politiske sjølvstende. Det er vaart nevetak med fortidi. Vaart vesle folk er no det einaste norske folk paa jordi, som kann nevetakast med soge-tidi og sjøkongarne. Lat difor kven som vil læ aat den gamaldagse skikken vaar. Me treng ikkje aa misunna den mann, som kann sjaa paa det utan aa blotna.

Segni segjer, at tingvollen er bygd av jord, sanka ihop fraa kvart sokn paa øyi. Vollen er tekt med gras, er 240 fot i rundmaal og 12 fot høg. Han er i fire pallar, og det er tri fot millom kvar pall. Han ligg tett attmed St. John's-kyrkja, og her det messa, fyrr enn tingmennerne kjem ihop - just som paa Olavsdagen paa Færøyarne. Dei trur, at dei heldt det fyrste møtet i 1237 paa den tingvollen, som no er. So vidt dei kann skyna, hev øyi med sine seks skipreidor elder «sheadings» (skeidathing) havt 24 skip i gamle dagar, med eit mannskap paa umkr. 1000 mann, rekna etter eit folketal paa 4-5000.

Det hev stade tvo store slag ved tingvollen. Det eine stod i 1229 millom brørne Ragnvald og Olav um herredømet paa øyi, det andre i 1238 millom ein av jarlarne til kong Harald og kongsmennerne. Umkring 200 alen fraa tingvollen er det ein gamall kjempehaug, og 50 alen vestanfor er det ein annan. I den siste fann dei ei stridsøks, nokre bein og prydnadsting av ymse slag. Dei norske gravhaugarne paa Man hev dei funne mest paa høgdirne elder attmed sjøen.

Nordmennerne la under seg Man i det 9de hundradaaret og hadde magti der burte i 300 aar. Millom dei manske kongarne finn me fleire med namnet Ragnvald; dessutan Olav, Harald, Magnus, Gudfrød o.s.b. Dei fortel, at Magnus, den siste norske kongen paa øyi, døydde i Rushen slott 24. novbr. 1265, og vart gravlagd i klosterkyrkja same staden. Denne kyrkja ligg no i røys. I 1266 let Magnus Lagabøter fraa seg øyi til Skottland ihop med Hebridarne - seinare gav Man seg inn under England.

Ein dag køyrde eg paa jarnvegen til St. John's og saag paa tingvollen. Etterpaa fór eg til Kirk Michael (engelsk uttala «Maikel», mansk «Mikkel») for aa sjaa paa nokre norske runesteinar der. Dei mest forvitnelege minne, nordmennerne hev etter seg paa Man, er runesteinarne. Det er umkr. 50 sovorne der burte fraa tidi 920-1050. Dei fleste er minnesmerke og krossar med norsk runeinnskrift. Paa fleire av deim er det bilæte fraa soga, soleis striden millom Odin og Fenrisulven i Ragnarok, Sigurd Favnesbane o. a. Paa ymse er det figurar og sveivlor lik dei, me hev paa dørine i stavkyrkjorne vaare. Ved Kirk Andreas stend det ein stein, som hev denne innskrifti: «Sant: ulf: hin: suarti: raisti: krus: thana: aftir: arin: biaurk: kuinu: sina.» (Sandulf den svarte sette denne krossen for Arnbjørg, kona si.)

Fraa Kirk Michael gjekk eg med toget att til St. John's og tok paa eit sidespor ned til fiskarbyen Peel for aa sjaa paa den minnerike borgi der. Nordmennerne kalla denne staden for «Holma-tun» etter den vesle holmen, som borgi ligg paa. Det heiter, at tvo av dei norske kongarne paa Man døydde i Peels borg, Gudfrød den 10. novbr. 1187 og Olav den 21. mai 1237. Gudfrød vart gravlagd paa borgi, men sumaren etter flutte dei leivningarne hans til lona paa Hebridarne. Olav vart gravlagd i Rushen klosterkyrkja.

Naar ein gjeng inn i borgi, kjem ein til attrstødorne av Mans domkyrkja. Ho laag til erkebispstolen i Nidaros til slutten av det 14de hundradaaret.

I dei manske sogor er det ikkje Bjørgvin, men Nidaros, som er hovudstaden i Norig. Bispen paa øyi er enno bisp av «Sodor og Man», eit minne um det gamle samband med Suderøyarne. Dei segjer, at byggjemaaten i Mans domkyrkja skal likjest noko Nidarosdomen. Ho er vigd til St. German, og den eldste luten av kyrkja vart bygd av bisp Simon i 1226.

Sauderne beitar no fredlegt inne paa kyrkjegolvet, sjøen skumar kring det gamle slott, og i uvêrsnæter syng stormen i koren og under dei høge bogar. ...

Portmannen og vegvisaren paa borgi hadde ans for Norig baae tvo, saag det ut for. «Me likar godt aa sjaa nordmenner her; de likjest paa oss sjølve, dere norske,» sa den siste. Dei let ogso vel yver, at Norig fekk sitt fulle sjølvstende i 1905.

Med umsyn paa likskapen millom manbuer og nordmenner, so kjem Hall Caine inn paa dette i ei av skildrangirne sine fraa øyi. Sjølvvyrdnaden hjaa manbuen er heilt norsk segjer han.

«Eg hev aldri sett maken utan i Bergen i Norig. Der vilde ikkje ein konstabel ta imot noko for bryet sitt, endaa han hadde fare umkring ei heil morgonstund og leite etter paraplyen min. - Dessutan paa Island, der ei stakars gamall kona i ein fillutt kjole, ei sundrivi huva paa hovudet, utslitne sko og med gikt yver heile kroppen ikkje vilde ta imot eit kronestykke, men saag stolt paa meg og bar seg so vyrdeleg, som ho skulde ha vore ei hertug-frua. Men det er serleg noko hjaa manbuen, som syner, at han er av norsk ætt: han gjer seg 'kje store voner. Der ein egte kelt vonar alt og lovar, kva det so er, der vonar manbuen slett ikkje og lovar ingenting.»

Det gamle manske maal er ei grein av det keltiske. Det er no berre eldre folk paa vestsida av øyi, som talar det - umkr. 4000 menneskje. Menn og kvende, som liver enno, kann minnest, at halvparten av folket tala mansk. Dei hev freista paa aa faa det inn i skulen, men autoritetarne er imot det. «Det manske maallaget» gjer likevel det, det kann, for aa halda det ilive, og ein, som hev granska maalet der burte, segjer, at det er eit fint gamalt maal, rikt og klangfagert. Ungdomen sa, at dei gamle er svært glade i det. Maallaget var no meint paa aa gjeva ut ein liten mansk grammatik. Ein av fyregangsmennerne for maalflokken sa til meg, at dei hadde liv for maalrørsla i Norig, og at dei gjerne vilde høyra nærare um, korleis det gjeng der. Han tenkte paa aa faa til ei skrift um reisingi her i landet.

Den fyrste boki paa manskt maal vert prenta i 1699. Bibelen paa mansk kom ut i 1772. At dei fekk bibelen paa heimemaalet, kløkte hjarto, og tende den gudelege eldhug i folket. Og utfallet vart, at det kom ut ei uhorveleg mengd med songar - eit slag heime-literatur. Han stod vel ikkje so høgt, men hadde likavel eit visst verde i boksòga.

I det manske maal finst det flust med ord, som ber vitne um det gamle sjøkongevelde. I ei bok av Hall Caine: «The Deemster» (det manske ord for «domar») finn ein soleis dette døme paa norsk innverknad i maalet der burte: Ein av personarne spyrr: «What for shouldn't we gerr away to Shetland s» (kvifor skal me ikkje fara til Shetland?); svaret er: «Why to Shetland s» (kvifor til Shetland?) Endingi s er heiltupp norsk, just dei gamle nordmenn skreiv: «til Hjaltlands». I ei handbok, som eg fekk tak i, heiter det:

«Det er 'kje likt til det, at det manske maal vil døy med det allra fyrste. Det spøkte for, at det snart vilde vera likso daudt som Cornwallmaalet, men den keltiske maalrørsla hev gripi um øyi. Og med hjelp av eit kveikjande og heimlandshuga arbeid av «Det manske maallaget» aukar no talet paa gæliske studentar. Um laget vil setja i verk det, som dei mest herdige lagsmenner ynskjer, at det manske folk skal ha tvo maal, det er - for ikkje aa segja for mykje - utifraa tvilsamt.

Det manske gælisk er so nærskyld irsk og og skotsk gælisk, at manske fiskarar, som ligg paa vestkysten av Irland og nordluten av Skottland, er gode for aa tala med ibuarane der paa heimemaalet deira.»

Daa den engelske turist-trafikken tok til, gjekk det tilattrs med det manske maal. Turist-straumen var undergangen for det. Det finst ikkje nokon stor bokheim paa mansk. Hall Caine segjer um heimemaalet paa øyi, at naar ein ser burt ifraa alle lettare tankar, er det noko helder graatelegt og høgtidelegt ved det, at eit gamalt maal døyr. Eit maal, som er avlident, eit tungemaal, som ikkje hev noko liv i bokheimen, er ein gufs, som hev fare. Og hev dette gamle maal vore maalet aat vaart eige folk, kjendest det som eit tap for oss, naar det døyr. Sanneleg, segjer han, maalet ligg so nær hjarta, at me hev vondt for aa skilja det ifraa vaart kjensleliv.

Dei fortalde meg i Peel, at i 1910 var det eit kor paa 160 røystir, som song ein gamall mansk song paa ein konsert. Ungdomen fraa Peel (40 stykke) hadde lærd uttala av eldre folk der i byen. Den norsklynde vegvisaren min paa Peels borg, Mr. Cashen, heldt dei for aa vera den mann paa øyi, som var best i aa tala det gamle maal. Han tala mansk til kong Edvard, daa han vitja øyi i 1902, og kongen hadde stor hugnad av aa Iyda paa. Vegvisaren var en høg, røseleg kar, ein egte norsk type, ljoshærd og med blaae augo. Han gav meg uttala paa denne songen her, som dei held for nationalsongen aat øyi. Han er bygd paa ein gamall mansk tone:

O Halloo nyn ghooie,
O Chliegeen ny s' bwaaie
Ry gheddyn er ooir aalin Yee;
Ta dt' Ard stoyl Reill-Thie
Myr Baarool er ny hoie
Dy reayll shin ayns seyrsnys as shee
Uttala: O Hallo nen gui
O Kligin ne spoi
Re giddin er or elen Ji;
Ta de Erdstol Rell-Tai
Mar Berul er ne hei
De rel shin ons sernes a sji.
Umsett:

Aa, vaart heimland, du perla paa Guds jord,
aa, øyland, du er godt og fagert,
sjølvstyre-truna di
- sterk som Barrule1) -
gjer, at me er frie som den friske fjell-vind.

Her er ei onnor liti prøva paa mansk. Det er ein freistnad paa aa herma etter svarttrosten:

Kione jiarg, Kione jiarg,
Apyrn dhoo, Apyrn dhoo
Vel oo cheet, Vel oo cheet,
Skee fieau, Skee fieau,
Lhondoo, Lhondoo.

Det minner um, naar smaaguten i Norig hermar etter talatrosten:

Tju'egut, tju'egut
hev du stoli, hev du stoli,
fy-fy! fy-fy!

Manbuen sitt ordtak er: «Mannin son dy bragh!» (Lenge liva Man!) Folket paa Man hev enno sin sermerkte national-musik, songarne aat forfederne deira. Daa eg var i Peel, spela dei fleire manske tonar for meg. Dei hev funne meir enn 260 gamle folketonar paa øyi. W. H. Gill, som hev studera manskt musikliv og gjeve ut ein bundel manske tonar, han segjer, at mange av dei hev merke etter paaverknad fraa irsk, skotsk og engelsk. Han legg til, at naar ein minnest den lange norske tidi paa Man, skulde ein tru, at ein vilde finna ei sterk blanding av det nordrlendske element i mansk musik. Men born med mansk mor og norsk far hev vel heilt natturleg lettare lærd seg dei manske enn dei norske tonarne, segjer han. Likeins trur dei, det hev vore med maalet. Men kann henda, segjer han tilslutt, kunde ein finna likskap, som ein ikkje fyrr hev vorte var, um ein nærmare likna ihop mansk og nordrlendsk musik.

Ein ser-haatta og væn tone er det paa kveldssalmen aat dei manske fiskarane. Det hev ogso vore ein gamall skikk der - som paa Færøyarne - aa syngja ein salme elder beda stillt ei bøn, fyrr fisket tok til. Dei kasta fyrst ut garni, etterat alle mann paa kne og berrhovda hadde bedt den Allmegtuge um aa signa deim og varna deim.

Det finst ei mengd med stadnamn paa Man, som minner um nordmennerne. Alle kyrkjesokni heiter Kirk: Kirk Michael, Kirk Andreas o.s.b., og namn som Kirby (fyrr stava Kyrkbye, av gamalnorsk kyrkja og býr, bær: gard), Crosby (Krossabýr), Dalby, Sulby (Solves gard), lurby, (lvorby = Ivarsgard), Grenaby, Colby, Niarbyl, Howland (Haugland), Foxdale, Dalliot (Dalarholt?), Fishgarth, Fleshwick, Garwick, Greenwick, Perwick, Cronkbreck, Corbreck (Kornbrekka), Injebreck, Cornama (Kornhamarr), Snæfell,2) Sartfell (Svartfjall?), Glione Foss,3) Laxey, Langness, Ronaldsway (Ragnvaldsvaag), Ramsey (Hramns-ey), Scarlet,4) Calf of Man (Man-kalven) og mange fleir syner sitt norske upphav.

Mull (múli) og endingar som ness, dale, fell, garth, gill (gli), ey, holm, clet (klettr), stack, (stakkr), haugh, foss, by, creek, ghaw (gjá), minner um Norigsveldet.

I det 16de hundradaaret var dei norske namni meir vanlege der burte enn no til dags.

Kvart sokn paa Man hadde sin varde til aaret 1815. Dagvakti kom til posten sin ved solrenning og nattvakti ved solefall. Namnet Warfield (fyrr Wardfeld dvs: vardefjell) minner um dette.

Manbuen segjer ofte «dane» (danske) istadenfor nordmann. Grunnen til dette er venteleg den store magt, danerne hadde i England, og at Norig so lenge stod so reint under Danmark, segjer forf. Moore i soga si um Man.

Ein sundag var eg paa toppen av Snæfell, det høgste fjellet paa øyi (2024 fot). Paa vegen dit køyrde me framum vatshjulet ved Laxeygruvorne (bly- og kopar). Hjulet er 72 fot i tvermaal og skal vera det største i verdi. Det var fint vêr uppaa fjellet, og ifraa toppen kann ein sjaa baade til Skottland, England, Wales og Irland og dessutan yver heile det vesle «kongedømet». Eit par andre av dei manske fjelli er meir enn 1800 fot, og baade paa aust- og vestkysten er det stupebratte fjellbrunir ut mot sjøen.

Naar eg fór umkring paa øyi, raaka eg her og der frami ei liti hytte med halmtak, lik deim, eg saag i Irland og paa Hebridarne. Det er berre smaabruk paa Man, og folk greider seg jamnast godt. Det er vænt der burte um sumarkvelden. Bekkjerne silrar ned i kluftirne, og røyken stig or pipa paa hyttorne i smaadalarne elder paa den einslege fjellsida.

Den norske innvandringi hev leivd etter seg sitt merke paa folket, og i dei vestlege og nordlege soknir paa øyi finn ein «staute typer paa dei hardføre nordmenner», heiter det i ei mansk skrift, som nyst hev komi ut.

Ein forf. segjer i 1681, at manbuerne er «framifraa skyttarar med boge og pil». Ein annan skriv, at dei er «svært glade i felespel». Etter 1790 byrja innvandringi fraa England, og etter 1825 utvandringi fraa øyi. Det er ikkje gøymd nokon rest av norsk log der burte. Nær byen Ramsey ligg det no ei St. Olavskyrkja.

Kongeriket Man
Fagre øyland vest i hav
- dyre ættarminne -
runestein paa kjempegrav
der du enn kann finne.
Sjøen gjeng mot bratte brun,
skumar villt kring Holma-tun5)
dómen - eingong full av ljos
sokna under Nidaros!

Forntids-tankar strøymer paa
- tung var Norigs lagnad -
drakeskip med segl i raa
vidom daa vart fagna.
Fram dei gjekk med djerve steg
norske menn i vesterveg,
søv i haugen etter strid,
manar enn vaar nye tid.

Mang ein gasta norrøn kar,
klædd i staalblaa brynja
- Man - di kongekruna bar
byrg med magt og mynja.
Gudfrød konung, Olav drott
døydde i ditt gamle slott.
Folket minnest deim enno
i din litle by ved sjo.

Møter paa sin tingvoll enn
- norrøn sed til æra -
segjer: «Me er norske menn;
frie vil me vera.»
Vesle Man, eit «heil og sæl»,
Gjev ditt folk maa liva vel.
Takk for trufast fedra-and,
helsing fraa det gamle land!

H. R.

Fyrr enn eg fór fraa Peel, fortalde husverten meg um eit forlis, som hende der for nokre aar sidan, og som vakte tanken um det gamle sambandet med Norig. Gudfred Haraldson held Manbuen for aa ha vore den fyrste kongen paa øyi (kong Orry elder Gorry, som folket kallar honom). Det heiter i segni, at han landa paa Man ei stjerneklaar natt. Daa dei spurde honom, kor han kom ifraa, peika han upp paa himmelen, paa stjernebrauti: «Der er vegen til mitt land.» Stjernebrauti heiter difor enno i eit manskt ordstev «Raad mooar ree Gorree» («kong Gudfrød sin store veg»). «Orrys Head» er namnet paa ein fjellpynt ikkje langt ifraa Peel. Hall Caine hev skrive vakkert um den vesle manske fiskarbyen og dei urædde sjømennerne der. Han fortel millom anna dette:

Ein eftan i oktober 1889 stranda eit norskt skip med 22 mand umbord ved Peel. Byen hev ein livbaat, og han gjekk ut; ein av mannskapet heite Orry elder Gorry. Det norske skipet hadde mist mastorne i det overhendige vêr, men livbaaten berga heile mannskapet. lland ropa mennerne hurra, kvinnfolki gret. Daa vart dei var ein nyføding millom dei norske, dei slost um han, og ei kona bar honom avgarde til varmt hus og fekk honom turre klæde. Barnet høyrde til kona aat skipsføraren.

Det norske riksstyret kosta medaljor til dei djerve manbuer og sende dei yver til landshovdingen. Desse medaljorne vart deilt ut sumaren 1890 i «Normantaarnet» paa den gamle borgi i Peel. Tenk berre! segjer Hall Caine. For tusund aar sidan, ikkje langt fraa same staden landa Orry, vikingen fraa Norig. Og no bergar dei manske sønerne hans, som enno ber namnet Orry, sønerne av dei brøder, han gjekk ifraa i landet nordpaa. Slik ei soga gjeng ein til hjarta. Ho bind manbuen til dei store, framfarne tider!

    Noter:
  1. høgt fjell paa Man.
  2. ogso fjellnamn paa Island.
  3. det er tvo fossar med det namnet paa Man.
  4. førd upp som norskt av ein britisk forf.
  5. no fiskarbyen Peel.
Utdrag (s. 185-216) fra:
Hans Reynolds: I vesterveg, Oslo 1912
Til bokas innholdsfortegnelse
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen