I vesterveg

Hjaa gamalt norskst folk III
Ferdaskildringar fraa Hebridarne, Orknøyarne, Shetland, Irland og Man

av Hans Reynolds

Her ser eg fagre fjord og bygder
som mange gamle kjempar bar

Søk i boka:

    Innhald
  1. Hebridarne
  2. Dei gamle Høglands-regiment i Skottland
  3. Orknøyarne
  4. Shetland
  5. Irland
  6. Man
Vesterhavs-landi

Ja, no vil eg fara «i vesterveg»,
no heisar eg seglet i raa!
Eg veit, du i tanken vil fylgje mitt steg
derute - ved havbylgja blaa.
For enn finst det nordmenn paa Orknøya-kyst.
og Norig aa prisa det er dei ei lyst;
skal tru, um me inkje kann knyta eit band
paany med vaar frende i «Torv-Einars» land?

Aa, kom, lat oss freista eit sovore tak,
kannhende det kostar litt strid,
men sett no, det lukkast: ei nystydning bak
for Norig i aalvorsam tid!
Dei gjekk dit paa handel dei gamle fyrr oss,
dei siglde 'kje vester for berre aa slaast;
kven veit, kva som kjem, naar ein berre gjeng fram
- me stemner kring verdi og inkje til skam!

Og no vil eg fara til Kyrkjevaag
- det namn gjev i soga vaar ljom -
der Haakon han døydde paa Vesterhavs-tog,
og reist er St. Magnus sin dóm.
Han stend der og minner um nordmanna-to,
um tjørebredd langskip med magt yver sjo ...
- Ja, sanda stend Norrana-ætti ein dag,
um moderlands-klokka ho kallar til slag!

Hans Reynolds.

Hans Reynolds: I vesterveg. Ferdaskildringar fraa Hebridarne, Orknøyarne, Shetland, Irland og Man. - Oslo, Tvedte, 1912. - 216 s. (Hjaa gamalt norskst folk III)
Porsgrunn biblioteks hjemmeside Søk i bokbasen