Aa
A
B
D
E F G H I J
K
L
M
N
O
P
R
S
T
U
V
Y-Æ-Ø
Gjerningsord
Porsgrunns - viser
|
Manuskriptet til denne ordsamlingi er fraa 1925, med ei mengd seinare tillegg, dei siste fekk eg kort tid fyrr Hans Reynolds døydde (16. juni 1933). Titelen var «Ei samling ord og ordlag». Tanken med arbeidet var aa syna det som var ekte og folkelegt i bymaalet; med skrivenlaaten, som etter hans eigen vilje er fylgd her i utgaava, sikta han paa aa faa den rette uttalen fram. Uttydingane er prenta slik han forma dei, utan andre etymologiske upplysningar enn hans eigne.
Rektor Halvor Dalene, som i tidskriftet «Maal og Minne» (1947) har skildra «Bymål og bygdemål i ytre delen av Telemark fylke», har hjelpt til med gjenomsyn og etterspyrjing.
S.K.
|