Fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark
Denne slekt var i ei årrekke knytta til garden austre Tveitan.
På austre Tveitan døydde i 1691 Olle Svenkesen. Han var gift med Guro Pedersdtr. og dei hadde 7 born.
Olle Svenkesen hadde eigd 2 tn. skyll i garden, dei stod i pant hos byskrivaren i Skien som igjen [uforstålig ord] av Peder Lauritsen var overdrege Isak Jonsen Lien den 1688. Isak Jonsen gav enka tilbod om å overta
eigedomen for det han hadde lagt ut, elles måtte han få dom for at garden var hans fulle eigedom.
Isak Jonsens bror Hans Jonsen oppheld seg på same tid på farens tidlegare bruk, Almom. I 1693 vart det gjort ei avtale mellom Isak og Hans, der Hans Jonsen overdrog Isak Jonsen det han i skifte etter sin far var utlagt i garden Elset. Isak overdrog då samstundes 1 hud i Tveitan og ½ hud i Tveitstulen. I 1694 fekk Hans ei ½ hud til i Tveitstulen av Isak Jonsen.
Hans gjorde so ei avtale i 1695 med Guro Pederdotter slik at ho avstod sin odelsrett og garden mot at ho fekk alt til livs opphald på garden so lenge ho levde.
I 1698 er Hans Jonsen Tveitan oppført med 3 tn. i austre Tveitan og 1 hud i Tveitstulen.
Hans Jonsen Tveitan f. 1660, d. 1724, g. m. Anne Torstensdtr. vestre Klyve f. 1665 d. 17152, dtr. av Torsten Klausen og Ingeborg Svenkesdtr. vestre Klyve.
Ved sin døyd hadde Hans noko gjeld, men eldste son Svend Hansen tok over garden og gjelda.
Av Anne og Hans sine born er funne:
Utdrag (s. 109-111) fra: Erling Gjærum: Gamle slekter i Telemark. - Skien 1969 |
Til bokas innholdsfortegnelse |
Porsgrunn biblioteks hjemmeside | Søk i bokbasen |