Ja, leit og gakk baad' fraa og til:
men lite er, du finna vil
av gamle Folkeferd.
Du finner Grav, du Finner Grus.
og Tuftir etter gamle Hus,
men Folket burte er.
Vinje.
Me var no komne so langt inn-i Landet, at me hadde dei gamle norske Grenderne kring um oss paa alle Kantar og var snart midt i største Luten av Vestre Bygdi. Herinne tek dei til, so dei ligg langt fraa den ytste Havsida. «- vore gamle norske Folks forfaldne Huse er alleene at træffe inde i Fjordene,» segjer Hans Egede. Han var den fyrste, som gav Gaum paa deim, og han røkte etter mange Atterstødor baade i Vestre Bygdi og Øystre Bygdi. Dei fyrste Meldingar um, at det fanst Ruinar, hev me soleis fraa Nordmannen Egede. Seinare skreiv Islendingarne Presten E. ThorhaIlesen og Sigurður Breiðfjörð um mange av deim. Likeins Tyskaren Giesecke. I Skildringi av Vestre Bygdi hev eg difor nytta desse Mennerne og dertil andre og mykje nyare Kjeldor. Dei norrøne Hustufterne i Vestre Bygdi er mykje meir yvergrodde enn i Øystre Bygdi. Og dei er difor ikkje so lette aa tyda.
Ein ser av Kortet bak i Boki med Nummer paa Ruinarne i Vestre Bygdi (1-62), at me hev slike beint yver Fjorden ifraa Kangiussak. Dei ligg paa en liten, jamna Plass innanfor Kekertak («Øyi») (11). Det finst utydelege Huseleivningar der. Fylgjer ein Nordsida av Fjorden innetter, er det merkt av fleire Tufter (2 og 3). Vestanfor Odden Kugssangassorssuak (Kugssanga: ei Halling) ligg det tvo Atterstødor, som er nokolunde tydelege (4). Dei stend ihop. Litt ovan-um deim er det ei tridje Atterstøda, som det ser ut for aa vera «Baasestein» i. Det er venteleg Tufterne etter ein liten Gard og vel den same, som vert nemnd i «Grønl. hist. Mindesmærker» III. (s. 841). Det heiter der, at han ligg ved Igdlorssuit.1) Ved Manitsok (4a) skal det og vera gamle Leivningar etter Hus. Litt innpaa Odden (5) er det ei Fella, som dei trur hev seg fraa den norske Tidi. Ho er større enn dei vanlege eskimoiske Revefellorne av Stein, men ho er for liti til aa vera ei Bjørnefella. Sume hev slege paa det, at ho kann henda hev vore til aa taka Skrubb med. Det skal finnast fleire av same Slaget umkring der, nære Fjorden. Segni segjer (sjaa den danske Forf. H. Rink), at ved Kugssangassorssuak byrja det Dramaet, som førde til, at dei norske Grønlendingarne bukka under. Folk fraa Ujaragssuit (Ánavík) fall yver og drap nokre Kvende, som eskimoiske Skyttarar let vera att her, medan dei sjølve veida Rein paa Nunatarssuak.
Daa me kom inn i Fjord-armen Ujaragssuit, peika baade Roarane og Larse i Kajakken upp mot ei noko stor Sletta paa vinstre Handi. Det finst 3 Ruinar her (6). Seinare hev dei attaatt Funne Leivningar etter eit fjorde Hus, som er mindre. Dei kjem seg truleg fraa ein norsk Gard. Dei allerfleste av Gardarne i den Tidi laag tett attmed Fjorden. Me maatte diverre ro framum der, so me kunde naa inn fyre Kvelden. No fyrste tok det til aa besna med Isen, som laag pakka ihop i Fjordarmen mest heilt inn dit, me skulde. Me maatte halda oss langs Landet for aa koma fram.
Det er tvo Slag av denne grønlandske Kalvisen: dei store lsfjelli, som serleg finst i Nordgrønland, og dei mindre Isfjell, dei hev i Sudgrønland. Dei siste kann ein til ein Skilnad kalla for «Kalvis». Godthaabsfjorden sender sumtid ut tòlleg store Isfjell. Men ein Fjord millom Tindingen og Tigsaluk-neset i Fredrikshaab Distrikt sender ut dei største Isfjell i Sudgrønland. Sist i juni hev Isbrearne i dei fleste Isfjordar kalva og fyllt upp det inste av Fjordarne med Kalvis. I Godtbaabsfjorden t. d. vil det i eit vanlegt Aar mot Slutten av juni finnast meir enn 2200 Millionar Kubikalnar Kalvis. Sist i August er Kalvisen for Størsteparten burte or Fjordarne, det vil segja i dei Fjordar, der Isbrearne ikkje held paa aa kalva stødt, som i Narksalik-fjorden (Sudgrønland). Han vert aldri fri for Kalvis, som alltid skyt seg ut. I Godthaabsfjorden er Kalvingi so rikleg, at Fjorden i vanlege Aar inntil 10 danske Mil fraa Botnen, der Kalvingi gjeng fyre seg, er fyllt upp med Kalvis. Han er ikkje sjeldan so tett, at ein ikkje eingong kann koma fram der med Kajakk. Og det finst ikkje noko Farty, som høver betre til aa fara med i Isen enn den, segjer Forf. Holbøll i ei Utgreiding um Grønlandsisen.
Godthaabsfjorden hev berre eit Mynne. All den Isen, som skal driva ut i Davis-sundet, maa gaa framum Kolonien Godthaab. Den ligg tett attmed Fjordgapet. Alt ettersom det er meir elder mindre Austanvind um Sumaren, kjem det meir held mindre Kalvis ut Fjorden. Berre ¼ av Kalvisen kjem vanleg ut i Davis-sundet derifraa. Sume Aar ser ein so lite til Kalvisen ved Godthaab, at det av'n, som naar ut i Davis-sundet, maa vera aa rekna for inkje mot den Mengdi, som er kalva ut. I Slutten av Mai og noko i juni 1853 var Fjorden som vanleg dei 10 siste Mil ifraa Botnen heiltupp full med Kalvis. Sist i August fór Seminarlærar KIeinschmidt2) (fraa Godthaab) inn igjenom Fjorden. Daa hadde Kalvisen so reint kvorve undan, at ein kunde fara i òpe Farvatn heilt til Isbreen. Storparten av Kalvisen maa ha braana inne i sjølve Fjorden. Solvarmen, som tidt er sers rikleg upp-i Fjordarne, der Skodda er sjeldsynt, gjer og sitt til, at Isen braanar.
Maakorne hev dotte for dei visse Skoti fraa Roarane vaare, og Kajakk-mannen, Larse, var strakst paa Flekken og fiska deim upp. Nokre Selar hev synt seg inn-imillom Isen. Ein Falk, som sat paa eit Flak og godgjorde seg med ei Maaka, vart snytt for Middagsmaten. Kajakk-mannen skræmde han med eit Skot, so han let Maaka liggja att. Daa me svinga inn i Fjordarmen, saag me ogso ein Polar-rev, som hoppa ifraa Stein til Stein; han var kvik i Vendingi. Det saag helst ut for det, at han var svart og gul paa den Tidi av Aaret. Det er forbode der-uppe aa skjota'n um Sumaren. Men dei hev Lov til aa taka Ungarne og kann daa selja deim til Reve-stódet ved Godthaab. Der fær dei 6 Kr. Stykket.
Me kunde no sjaa Innlands-isen som ei kvit Stripa. Og ved 6-tidi um Kvelden var me framme ved det gamle Ánavík elder Ujaragssuit, som dei kallar det no. Uttala av det siste Namnet er Ujarassu-it, utan Vegt paa siste Stavingi. Langt burte, paa ei høglendt Sletta, saag eg den trauste Steinbygnaden, som mange trur er EtterIeivorne av ei Kyrkja fraa den norske Tidi. Framfyre oss hev me ein grøn Dal, kransa av høge Fjell, og med ei søydande Elv midt-i, som kjem ifraa Innlands-isen.
Denne Staden hev fenge det eskimoiske Namnet Ujaragssuit, («dei store Steinar») etter dei norske Ruinarne her - av ujarak (Stein) og ssuak (stor), Fleirtal: ssuit. Dei brukar elles baade Formi Ujaragssuak («den store Steinen», etter den sjaalege Steinbygnaden der), og Ujaragssuit (etter alle Ruinarne). Men det ser ut for det, at den siste Formi er mest nytta no. Paa norsk vert vel daa Namnet paa denne Fjordarmen: Storesteinsfjorden.
Me sette upp Telti vaare nære Strandi, paa Vestsida av ei Lakseelv, som renn tett attmed, og me let Teltdørerne snu ut imot Fjorden. Nokre Meter ifraa fann me ei steinsett Grav paa Skap som eit rundt Braud. Etter det, dei fortalde, hadde ho alle Merke paa det, at det var ei Eskimograv. Ho var heiltupp hól inn-i, og paa Botnen laag det ein Mannahause og nokre Knokar. Det var ei lang, fin Sandstrand i denne Bugti og ein god Plass for Baaten.
Ja, no var eg midt inn-i den gamle Vestre Bygdi. Den, som eingong hadde 4 Kyrkjor og 90 Gardar og venteleg ei Folkemengd paa burtimot 1000 Menneskje. Og no? - -
Fjorddalen laag der i Øyde: Stillt som etter Svartedauden alle Stader. Ingen Saueflokkar i dei grøne Lider, ingen Krøter, som beitar paa Bøen, ingen Røyk stig tilvêrs i den fredfulle Kveld. Berre Brusen av Fjell-elvi nedigjenom Dalen ...
Vestre Bygdi laag serleg ved Godthaabsfjorden og Ameralikfjorden. Ein ser av Kortet, at ved det fyrste ligg Ruinarne noko meir spreidde enn ved den siste. Men ved baae tvo hev dei Norske bygt mest umkring Indreluten av Fjordarne. Det kann koma av det, meiner dei, at dei gamle Grønlendingarne (Nordmenn og Islendingar) for det meste leit paa Fjordselen til Vinterføda og tok'n fraa Isen, av di at Fjorden her jamnast ligg um Vinteren. Men ved Sida av dette, som dei soleis mest livde av, hev Rein og anna Villt ilag med Geitehald, og kann henda Sauehald og Fe-al, vore ei Tilhjelp til Føda aat Folket. Ved Etterrøknad i Avfalls-dungarne baade i Øystre Bygdi og Vestre Bygdi hev det daa ogso vist seg, at meste Innhaldet i deim er Knokar av Sel. Deretter kjem Knokar av Kyr og Geiter. Berre der Flatlandet nær Fjorden hadde sers godt Beite, hev dei havt meir av Storfe.
Ruinarne i Vestre Bygdi er meir ihopsigne enn dei i Øystre Bygdi. Det kjem seg av det, at dei ikkje hadde so godt Byggjefang av Stein der som sørpaa. Husi i Godthaab-distriktet hev meir vore uppsette av Grastorv og Jord enn i Julianehaab-distriktet. Og med nokre faae Undantak er dei so forfarne i Vestre Bygdi, at Storparten berre er kjennelege paa den uvanleg trivelege Vokstr, som syner, kvarhelst dei og serleg Avfalls-dungarne ligg. Gras og Kvann og Vidjor tekkjer no Ruinarne av dei gamle Gardarne ifraa den norske Tidi inn-i Fjordarne. Dansken Daniel Bruun skriv: «Det er likt til det, at Nordmennerne hev livt paa noko so nær same Maaten baade i Noreg, paa Færøyarne og Island som paa Grønland. Det ser ein ikkje berre av Atterstødorne, men ogso av Fundi i Samlingarne i Kristiania og Reykjavik. Og noko av denne Livevisi hev halde seg til den Dag idag paa Færøyarne og Island.»
Hans Egede segjer i «Perlustrationen» (s. 107) um dei norrøne Bygderne paa Grønland: «Blev ikkun først de gamle øde jorde platzer, hvor de gamle Norske fordum have boet, igien besatte med Folk og Qvæg, det skulde uden Tvil give det samme fra sig, som Island og Ferøe, saasom der gives ligesaa god Græsning, som paa de Steder.»
Det heiter i ei Skildring fraa Grønland:3)
«Dei gamle Nordmenner, det var Folk, som visste, kva dei gav seg i lag med, dei skyna, korleis dei skulde leggja ei Bygd inn-i dei djupe Fjordar; men alt det, som er gjort etter den Tidi, er 'kje større tess.
- Ja, dei gamle Nordmenner hadde Vit paa aa byggja Landet enno er dei gamle Bygderne deira dei vænaste og beste Stader paa heile den fagre Havstrandi. Det var dugande Folk, og dei skyna òg, kva eit godt Namn var verdt, Eirik Raude og Leiv, daa dei kalla dei nyfunne Landi sine for Grønland og for Vinland det gode.
- - - Innetter Fjorden ser eg - inn, der Nordmennerne i gamle Dagar rudde og husa Bygderne sine i dei grasgode Daledrag under den ævelege Is, der Tindar kvasse som Plogjarn sting igjenom Jøkul-tekkjet! No jagtar Skrælingarne etter Reinen derinne paa dei snø-droplutte Veidestaderne til Nordmennerne. Og av dei gamle Bygder er det ingenting att, so nær som nokre ukjennelege Steinrøysar, der Mjølken gror høgt med raude Blomster-krullar -Og eg drøymer um dei framfarne Tider, daa Skræling-folket kom nordan-til i Skinnbaatarne sine, glisande med kvite Tenner i dei myrkdæmde Andlit. - - Det vart Strid millom dei tvo Folke-greinar, Blod og Draap millom Skrælingar og Nordmenner.»
Forf. segjer i same Boki òg med rette, at det er verdt den Møda, som ei lang Reis fører med seg, berre det aa sigla ein Dag seinsumars inn til dei norrøne Bygder i dei inste Fjordarne.
Det var tòleg svalt um Kvelden etter den varme Dag. Isfjelli utpaa Fjorden dreiv paa aa «kalva» med ein Dun, som ein Ferdamann liknar ihop med Kanon-skjoting langt undan. Eg laag og lydde paa det ei Stund. Men me hadde vore tidleg uppe. Og Svevnen kom, god og kveikjande, som han plar vera, naar ein søv ute. Og daa allvist i ei Luft so frisk og rein som der inne i Landet.
Utdrag (s. 55-60) fra: Hans Reynolds: Grønland. Vestre bygdi. |
Til bokas innholdsfortegnelse |
Porsgrunn biblioteks hjemmeside | Søk i bokbasen |