Norig samla - ! Island! Færøyarne! Den danske Borgi - Roald Amundsen. Maaltrosten Den nasjonale Fana! Oberst H. Angell Kanona fraa Skotterud Direktør Joh.s C. Bull 17. Mai-song Christopher Bruun Til Norig Hans Egede |
Halsnøy! Dr. Herman Fjelde Dei hatar - Val-song (1912) 1915 (Val-song) Schleppegrell paa Stubben Arne Garborg Maalunionen Anders Hovden Til Bjørgvin Sjøgut 1914 Idar Handagard «Vokster» |
Kr. Torp Hansen Song til Telemark Norrønafolket Det danske Maal i Norig - ! Soldatsong for Telerne Til Statsminister Gunnar Knudsen «Norskdom» Prøyssen! John Lie Olav Rusti Ved Rasmus Steinsviks Baara Til Losje Første Norske Det Maal -. Ved Ivar Aasen-steinen |
Norig samla - !
Norig samla! um ei stor og heilag Sak,
Norig samla! - myrke Tider kvorvne bak . . . .
Fram for Heimemaalet med Eld i Barm og Blod,
ja, nytta Viljestaalet no, kvar Ungdom, god!
Tjodskaps-merke! enn du hev di trugne Vakt,
me er sterke: verjar deg med Kjærleiks-magt.
Blakkra trygt i Stormen! me fylgjer deg i Slag . . .
Aa, renn med Motgonbrand paany - Norrøna-dag
Island!
Eg kann deg aldri gløyma,
du fagre Jøkul-land,
dei ljose Sumarkveldar
ved Skagafjordens Strand;
med blide, grøne Dalar
i yndleg Helgdagsro,
der friske Elvar svalar
- med Fugl paa audsleg Mo . . . .
Og ligg du høgt mot Norden,
varmt er ditt Hjarteslag,
din Folkebarm han bylgjer
av Livsens Ande-drag.
Kring um sitt Fridoms-merke
det stend - som Sverd og Skjold -
ei Tjod av Viljar sterke
paa Vakt for Isafold!
Færøyarne!
Øyland midt i Nordhavs Brak
med di sterke Soga bak,
frilyndt Nordmann elskar deg,
Tanken gjeng i Vesterveg,
flyg dit ut paa stormfull Sky
- huga knyta Band paany!
Mangt eit herlegt Land eg saag,
Palmestrender for meg laag
- underfagre Sørlands-kveld
med sitt rike Stjernetjeld . . .
Øyland vest med Fjellgard blaa,
du hev Hugen min endaa!
Magnus-kyrkja paa di Strand
skodar mot det gamle Land,
austpaa det var vanleg Kos
- Bispen høg i Nidaros!
Frendar tidt i samla Lag
vitja gilde Trondheims Stad.
Færøygut, paa Bjørgvins Vaag
visst ein Masterskog du saag
- hundrad Segl paa blaae Fjord,
daa Kong Haakons Snekkjor fór,
mang ein Skotte maatte døy,
daa me kom til Suderøy.
Titing millom Gras og Lyng
vænt um Sumardagen syng;
vesle Blom paa Færøyfjell
tungt aa segja deg Farvel
- fagre Gjenta, djerve Gut,
Fugleferd kring Berg og Nut!
Ungdom spræk i Leik og Dans,
Tinderad i kveldraud Glans . . .
For mitt Minne vil du staa
Færøyflagg med Tjelden paa -
Høgt i Solrøyk Skalingfjell
blaanar burt . . . Farvel, Farvel! . . .
Den danske borgi -
Den danske Borgi i Norigs Land
skal falla for lògande Viljebrand,
ei Rubb og rakande Stubben att,
som minner Nordmenn um Trældomsnatt.
Det spøkjer stygt før den siste Skans
Novemberaandi og Sambandsglans
Gakk paa daa Gutar med djerve Slag,
til Siger heilnorske væne Flag!
Lyft høgt vaar Fana, i Stormen fram,
aa fylgja ho, det er ingi Skam.
Ho elda landsens det beste Blod,
ei Heiders-Vakt kringum Stongi stod.
Av fagna Karar, han Ivar sjøl
og Aasmund Vinje med Dikt og «Døl»,
ja, andre Gutar med same Traa,
so me hev Godtfolk aa likjast paa.
Roald Amundsen
Dit stemnde modig sør yv' Hav,
me tek i Vyrdnad Hatten av!
Du sette deg dei store Maal,
det Iyser av ditt Viljestaal!
Du slo for Æra vaar eit Slag,
som minnest skal til seinste Dag
Du slo foruten Baal og Braak
i Sudpols-lsen norrøn Raak!
Gakk Ungdom fram paa same Vis,
- gakk paa traass heile Polens Is!
Maaltrosten
Kor fagert du kvitrar den vaarljose Kveld,
den sorgtyngde kveikjest og drikk or ditt Vell,
han duvar seg ned i ditt Tonebad,
han yngjest paany og vert vonfull og glad.
I Grantoppen sit du, naar Sol i gjeng ned,
det skumar i Skogen, alt andar det Fred.
Du Songar i Norden, min Talatrost god,
hav Takk for di Tru og ditt hugheile Mod!
Den nasjonale fana!
(Til Bondeungdomslaget i Bjørgvin).
Fram! du raude gule Flag,
Fargebragd fraa Berrfots Dag,
du, som ifraa Mast og Tjeld
helsa Islands kvite Fjell
og med Haakon yver Fjord
djervt i Vesterviking fór . . .
Upp! kvar Ungdom, som her bid,
upp til Arbeid! upp til Strid!
Strid for Landsens Hjartemaal
utan Lirk og ofsa Tòl.
Raud er Duken, raud vaar Harm
yver Ætti, veik og arm!
Fridoms-merke, fram, ja fram!
stor ho er vaar Folkeskamm;
breid deg ut i vaarleg Vind,
Veg aat kvart eit Hjarta finn.
Saml oss kringum deg ein Dag,
du er Norigs gamle Flag!
Oberst H. Angell
Velkomen sigerkransa
fraa Strid paa framand Strand,
dei tyske Kulor ansa
du ei, du norske Mann!
Du gjekk, daa Hornet kalla
til Vern um trælka Bror,
du saag so mang ein falla
for Frankriks Trikolor!
Eg ser - som støypt i Malmen -
ein trufast norrøn Gut,
mot Høgdi bruser Salmen,
so svingar Lina ut;
høyr kvast Trompeten tonar
- Kanona dunar paa . . .
«Fram, franske Bataljonar,
me Grensevakt vil staa!
Velkomen sigerkransa
fraa Strid paa framand Strand,
dei tyske Kulor ansa
du ei, du norske Mann!
Me helsar stolt med Fana
og Heimlands-tonen varm,
du stødt til Fridom mana
og kveikte Glod i Barm!
Kanona fraa Skotterud
5te August 1814.
Eg gjekk umkring paa Akershus ein Dag
og saag dei slitne Fanor - Herferds-minne,
som hadde blakkra høgt i mangt eit Slag,
no haang dei stillt i Salarne derinne . . . .
Dei Vitne bar um Mod og mannleg Daad,
um Nordmanns-aand i lengst framfarne Tider,
um Blodet raudt, som rann i Fridoms-strider
ved Grenselina aust - um Svolt og Graat!
Daa vart eg var, i skume Kjellar-kraa,
eit Siger-merke - det um Gutar tala,
som stundom vann med «tunge Ting» aa bala:
ei svensk Kanon med Køyregreidor blaa!
Eg tyktest høyra Ropi, Vaapenklangen,
daa vaare storma, takka Gahn for sist,
ja, fekk han ikkje Nøgjet sitt ved Trangen,
han fekk det daa i «Fjortan», det er visst!
Ho minner Norigs Folk um tunge Dagar,
Kanona innpaa gamle Akershus.
Kring Bronserøyret Heiders-kransen bragar,
og fram dei stig for oss i Soge-sus
dei djerve Kararne, som for vaar Æra
den Haustdag stridde - og han Krebs med deim,
som hadde Hug te Svenskekongen læra,
at Nordmenn dei vil verna um sin Heim!
Direktør Joh.s C. Bull
Takk gjæve Rudnings-mann for Verket,
Fred yver Baara di idag,
du lyfte høgt det norske Merket,
du urædd stod i alle Slag.
Du stridde for ein storfeld Tanke,
skar djupt i vaare Træleband,
for Framgong saag me Hjarta banke,
du gløymde ei ditt fjellblaa Land!
Du minnest vil i stille Dalar,
kvarhelst vaart Norskdoms-stræv hev Tolk,
du lika, at me heimlegt talar
- Takk fraa det sterke i vaart Folk!
17. mai-song
Ver helsa, dyre Minnedag,
med Bod fraa Eidsvolls Salar,
no raudnar tusund frie Flag
kringum i Norigs Dalar;
i By, ved blaae Fjord
stig Lovsong høgt i Kor,
i Hjarta Lògen brenn
med Takk til hine Menn,
som fremja Fridoms-verket!
Du Land i Nord med Snjo paa Fjell,
som vænt i Nattsol drøymer,
med Talarost i vaarIjos Kveld,
mot deg vaar Kjærleik strøymer;
aa, gjev oss Kraft og Mod
te staa, som Feder stod,
med Truskaps Aand i Pakt
i Fred, paa Grensevakt,
ja, til vaart Norigs Æra!
Christopher Bruun
Du eig vaar djupe Vyrdnad, du aldrige Soldat,
som gjeng her ungdomsfrisk med sylvgraa Manke,
som greip di norske Rifla, til blodug Tørn parat,
og tok di Aalvors-vakt paa Dybbøl Banke!
Fraa Roma og til Oslo du fòr i største Hast,
du stridde for ein gamall, storlagd Tanke:
Tri Brør i Hjarte-samband, i Ufred, «Last og Brast!»
- kring den du vilde Nordens Ungdom sanke.
Du var til Heider for ditt Land, so lua Sjefens Ord,
du tok det, som det sømer seg Soldaten,
i «10de» ved Alssund,*) i «Aarøes Streifekor»,
du høyrde nok, han tala tysk, Granaten!
Han fekk deg ei, du Saamann god, du skulde lenger fram,
ja, strøya Frækorn ut i tusund Barmar,
du skulde vera med og tvætta av vaar norske Skamm,
me treng just Vìt - og Hjartelag, som varmar!
Takk for din rike Arbeidsdag, det gror i dine Fâr,
du synte Mann bak Ord i myrke Dagar;
fraa Eidern og til Ishavs-strand dei helsar slik ein Kar,
i Age Nordens Fanor takksamt vagar!
*10. Regiment
Til Bladet Norig
Eg helsar deg, du friske Vind
fraa telemarkske Fjell,
du legg din fagre Tone inn
og gjev i Fana Smell . . .
Vaar Norskdoms-fana stolt og rein,
støyrd djupt i Fridomsgrunn.
aa, ber ho fram - i Røyk og Eim -
med Von um Samlingsstund!
Eg visste, Teleguten kom
ein Dag i mannjamn Takt
og krov for Norsken Sess og Rom
og mana oss: Til Vakt!
No er han her, han møter bra,
ja, traust han allstødt var.
«For Heimemaalet høgt Hurra!»
det er hans sterke Svar.
Hans Egede
Tone: Vaar Gud, han er so fast ei Borg.
Du reiste Krossen høgt i Nord,
eit heilag Kall du kjende,
som Kvite Krist, med milde Ord,
du Ljos i Myrkret tende!
Du var i Trui sterk,
og difor stend ditt Verk,
med Kjærleik, djup og sann,
du Folkehjarto vann,
velsigna er ditt Minne!
Takk for din Daad, du norske Mann,
du tusund Vandskar møtte,
ditt gode Saad paa Ishavs-strand
daa stillt og fast seg røtte!
Syng um hans trugne Kav,
du store Grønlandshav . . . .
- Straal fagre Midnatts-sol!
Hans Namn upp-under Pol
som «Leidar-stjerna» blinkar!
Halsnøy!
Ja, no hev eg vore paa Halsnøy,
med Minne fraa gamall Tid,
der vænt er aa liva, vænt aa døy,
for Bygdi ho ligg der so frid,
og Fjellradi mot deg med Dis i det blaa,
der Fjordarne glitrar, so langt du kann sjaa . .
ja, friskt og fagert er Hordaland
med lauvklædde Lider langs Strand!
Ja, no hev eg vore paa segnrik Grunn,
der Klosterklokkur i Kor
med Songen seg blanda i Morgonstund
og signa det heilage Ord;
eg bøygde mitt Hovud ved Murarne graa
- dei Vitni um Kjærleik og brennande Traa -
og Krunorne svaga i haustleg Sus
yv' Bogarne, signe i Grus
Du Skule som, tufta paa heilnorsk Grunn,
oss helsar fraa Strandi idag,
lat Songarne ljoma ved blenkjande Sund
og alt ha sitt heimlege Lag;
paa Nordmanna-dygder du verte eit Prov,
du Blom etter Fræet aat Juell og Konow,
syn Leidi til Fagnad for Mann og Møy,
du Kjerte paa Halsnøy!
Dr. Herman Fjelde
Min Tanke flyg mot Vesterheim ikveld,
der Sol gjeng ned yv' Præria i Eld,
ein trufast Son, Mor Norig, der du mista!
Aa, lat meg leggja stillt paa denne Kista
ein liten Lyngblom ifraa «Gamlelandet».
aat han, som hugvarm knytte Systkinbandet!
Dei hatar -
Dei hatar av inste Hjarta
det norrøne Tungeslag.
So er det i Byar og Grender
kringum i vaart Norig idag!
Dei likar 'kje norsk, dei «fine»,
nei, helst noko utanlandsk:
«engelsk for Bondemaule»,
men gildast av alt er dansk.
Eg vaagar, dei skal faa kjenna,
at enno er Ungdomen varm.
Bonden vaken paa Vakti
og kraftfull den norske Arm!
Lurblaast austan or Skogen,
fraa vest dei møter kvar Mann.
Agt deg for «Bondetrælom»,
du Snobb ifraa Karl Johan!
Val-song
(1912)
Ola Nordmann, iaar maa du røysta med oss,
me vil verna um Gruvor, um Skog og um Foss,
me vil Sol for dei mange, ikkje berre dei faa,
me vil verja vaart Land, som ein Smed passa paa!
Det var fælt, kor dei klaga for Vinstre sitt Verk,
det var Vantru og Ovmod, ja reint noko Herk,
men sjaa Norig er fritt, her er Framgang og Fart,
og det ryk utav Pipor, so Røyken stend svart . . .
Lat dei skræma med «Maulet», so mykje dei vil,
det er høvlegt og godt, høyrer Nordmannen til,
og me misser nok aldri ein Smitt av Kultur,
um me blæs millom Fjelli paa heimlege Lur!
1915 (Valsong)
Danemaals-flokken tapa iaar,
huff, det var fælt, kor han tapa iaar,
Riksen i Norig fær djupe Saar,
ja ille det gaar,
naar «Maulfolket» raar!
Uranienborg-tanterne tapa iaar,
huff, det var fælt, kor dei tapa iaar,
Christiania-«koen» fær djupe Saar,
ja ille det gaar,
naar dei «raabarka» raar!
Brennevins-flokken tapa iaar,
huff, det var fælt, kor han tapa iaar,
«Kulturen» i Norig fær djupe Saar,
ja ille det gaar,
naar «Graaheren» raar!
Det norske Folket «dreiv Kua» iaar,
huff, det var fælt, «dreiv Kua» iaar,
«Taregampmaalet» Høgsætet naar,
ja ille det gaar,
naar «Fjøsfolket» raar!
Schleppegrell paa stubben
3dje August 1814.
Ved Øystad Gard, ved Ingedal, litt vest for Fredrikshald,
det ligg i Aaret «Fjortan» ein Tropp, som snart er tald,
dei er for faae: ein mot sju, det truleg ille gjeng
den vesle Flokken «Telemark», som stend paa vinstre Veng!
Ja, mangmennt er dei Svenske her, men norske Riflor smell,
han modar sine Gutar upp, han Løitnant Schleppegrell,
daa sistpaa vert han heit og harm, i Syni morsk aa sjaa,
han ventar Hjelp, men ingi kjem - no just det røyner paa!
Uppaa ein Stubbe nære ved! - det ganga, som det vil,
dei skarpe Skot han ansar ei, men ropar Fienden til:
«Her stend eg, Løytnant Schleppegrell, sett fint i Klemba fast
av eigne Folk - ei Kula hit, som raakar godt og kvastl
Og Kulor peip kring Øyro hans - ein hoste faarleg «Leik»,
men Svensken fekk 'kje noko att for alt, dei skaut og keik;
den braae Løytnant stupte ei - det var for Dansken vel -
han greidde seg ved Ingedal, den «galne» Schleppegrell!
Arne Garborg
Du hjelpte storleg til, at Norig snudde
- det gjeng vel seint, men sikkert yver Stag -
du aatte Hovdingsyn, og fast du trudde,
me tarv 'kje sigla under framandt Flag!
Du synte Leidi: Fornæmt maa det vera,
vaart Folk, og utan Pryd med laante Fjør,
dei talar høgt um «Sjølvstende» og «Æra»
- men gildast er det nok, det Maal der sør!
Me takkar deg for fagre, stolte Tankar,
me ærar deg for herlegt Rudnings-verk,
av Skapar-aandi di me Kunnskap sankar,
din Klokskap og din Klaarleik gjer oss sterk,
Du sette Kôs mot Framand-strauman stride,
du saag det attreist Haakons Maal og Land,
ditt Namn er vyrd utyver Verdi vide,
du djupe Drøymar ifraa Jærens Strand!
Maalunionen
Lat Motmenn hæda vaart «Vestlandsmaal»
- han Ivar sitt Fagnaverk -
lat Bakstrævet fara med Geip og Skraal,
vaar Fylking er like sterk.
Ja, lat dei stri for det danske Knot,
eg elskar no Maalet reint,
Dansken er bra; der det hev si Rot,
i Norig høver det kleint!
Anders Hovden
Du friske Bris i Norigs Flag,
du Songar sterk og varm,
ditt Diktarsyn, ditt heite Lag
gjev Glod i trøytte Barm.
Du kom som Baara inn fraa Hav
og bura yver Land,
hav Takk for kvasse Norskdoms-krav
du Sunnmørs Ulabrand!
Til Bjørgvin
Tone: Jeg tog min nystemte -.
Helsar deg Bjørgvin, med Fløyi og Vaagen,
eldgamle By millom skyhøge Fjell,
Vikingar djerve, her tendrar dei Logen,
Vardarne bragar, og Her-ropi fell . . .
Skaldar du fostrar, og Styresmenn sterke,
som urædde lyfter i Stormen vaart Merke!
Halli, som Haakon i Stor-tidi bygde,
minner um Utferd og Vesterhavs-tog,
kom det ein Bolk, som i Soga vaar skygde,
attreiste Norig daa Murarne saag . . .
Flaget, som fritt ifraa Bergenhus vagar,
det vitnar um Framgang og ljosare Dagar!
Helsar deg, Bjørgvin, og ynskjer vel-liva
Kyrre sin fagre og segnrike Stad,
Aandi fraa Stor-menn mun yver deg sviva
- alltid du synte deg hugheil og glad.
Norrøna-modet i Barmen du gøyme,
ja, Arven Federne aldri du gløyme!
Sjøgut
Kom igaar ifra Langtur,
driver paa Gaten idag
blaaklædt, med Luen paa Skakke,
og tar det i Ro og Mak;
ser sig om saan lidt forundret
- kjender sig godt igjen,
nikker til Byens Piker,
som rødmer og smiler igjen.
I «Lædikken» i sin Kiste,
som han idag hented hjem.
har han et Skjærf av Silke,
saa fint, til Sin «lilla ven»
Naboens vakre Maria,
tænk hvor hun nu vil bli gla
- det bedste, som var i Bahia,
med Silkefrynser, ja, ja!
Med straalende spanske Farver,
Striper av gult og rødt.
Dansken ombord i «Atlantic»
han sa, «det var da Skam sødt!»
For Smak har han aldrig manglet
i noen Henseende, nei,
har kysset de deiligste Piker
saa ofte, de krydsed hans Vei.
Var engang forlovet i London
med Piken paa «City of Rom»,
men sluttet tilsidst med at skrive
og skjønte, han hadde vært dom.
Saa meget kan times en sjømand,
som gaar «uti fremmande Land»,
han længes tilslut dog mot hende,
som bor paa den hjemlige Strand.
Ja, naar det om Høstkvelden skumrer,
og Kystbyens Lygter blir tændt,
da træffer du tidt paa din Vandring
saa mangen en gammel Bekjendt:
En kommer fra Kanada-traden,
en anden fra flere Aars Tur,
en tredje fra Prærie-landet
i flotteste Yankee-mundur.
Og alle de gamle Skuter
de svinger paa Havnen ind,
mens Flaget fra Gaflen vifter
og fylder med Minder dit Sind
om Gutternes muntre Sange,
som kjækt ifra Gangspillet klang,
derinde paa Kisten i Ruffet
der faldt ikke Tiden saa lang!
Ja, friskt som en Dans er Livet
paa Blaamyren vidstrakt og stor,
og mangen en snurrig «Ende»
der spindes paa Frivakt ombord;
saa før jeg min Vise slutter,
et «Leve» ei glemme jeg kan
for alle de blaaklædte Gutter,
som hædrer vort Flag og vort Land!
1914
Fjellheim blaa med kvite Tindar,
i Sus av Storm og friske Vindar,
vaart fagre Norig nord i Hav!
Tung so ofte var din Lagnad,
men Dagen rann med Sol og Fagnad,
og Trældoms-tidi seig i grav.
Ein dag med Song i Skog, og Bonden bakum Plog,
Feder sterke, med Tru og Mod
paa Eidsvoll stod
og gav oss att vaar Fridom god!
Lengst du kviler under Tuva,
du Ætt, som inkje lét deg kuva,
men verna trutt um heimleg Jord.
Ungdom no deg Kransar binda
og Vegen fram aat Gravi finna,
hav Takk, du gamle Jægerkor!
Enn hev vaart Norig Menn, som varmt for Fridom brenn
Vil standa, med Sverd i Hand
og Fedra-and
kring Duken raud til siste Mann!
Upp og fram, vaart Heimlands Fana!
Din Kross skal kvar ein Nordmann mana
til Aalvors-tak i Fred og Strid.
Stjerna yver Gravi smiler,
fraa Fagnaverk dei Gamle kviler,
no ventar oss den nye Tid!
I Elsk til Norigs Jord, vaart Folk i sud og nord
trutt vil standa, i Broderlag
for Land og Flag
som Federne paa Eidsvolls Dag!
Idar Handagard
Hav Takk, du djerve Rudnings-mann
paa tung og steinutt Gard,
du vilde Framgang for ditt Land
og var ein onnug Kar;
du aatte Dug og Viljestaal,
ja, Nebb og kvasse Klo,
og galdt det Landsens Hjartemaal,
daa slo du visst for tvo!
Den norske Aand, som i deg brenn,
han logar heil og klaar,
du saag, det muna smaatt um senn,
traass Strid i tronge Kaar;
du tok ditt Tak i mang ein Kneik,
gjekk traust bak Merket fram,
du stod i harde Vaapn-leik
mot Drykk og Folkeskamm!
Du var ein Hovding - just av deim,
ein fylgjer utan Tvil,
naar dei paa Norsken hivde Stein,
me saag din logne Smil . . .
Slik Offerhug eg sjeldan fann
av godt og gamalt Slag,
vaar Sak nett treng hjaa kvar ein Mann,
ditt varme Hjartelag!
Ja, i vaar gjæve Søne-rad
du svarar fullt ditt Rom,
i tusund Barmar dine Kvad
gjev Kveik og Atter-ljom!
Naar Samlingsdagen eingong renn
lik Morgon yver Fjell,
du nemnest ibland Fagnamenn,
som vilde Norigs Vel!
«Vokster»
«De holder et Leven med Pen og Mund,
som led det mod Verdens yderste Stund»
- so song han, Skalden fraa Karl Johan,
daa Norig laag vanvyrdt, i Træleband;
dei Menn, som peika paa Vesaldomen,
vann knapt aa svara for Hædings-ljomen.
Del klagar og kranglar i Utrengs-maal,
det heile er berre eit grunnlaust Skraal
av smaae Profetar, som kavar for Mat,
for Plass ved Statens det breidfulle Fat,
nei, Sildesalaten er Fridoms-merket
i rette Samklang med Eidsvolls-verket!
So tagde dei braadt, hadde visst rasa ut,
ein Junidag stod dei med Nasen i Klut,
ein Haustdag med hine «Profetar» dei gjekk
til Urna og røysta: Salaten skal vekk,
vaart Norig skal løysast or Træleband,
for norskt skal det vera, vaart norske Land!
No rasar dei atter. «Profetarne smaa»
maa taka mot Hogg, so det fælt er aa sjaa;
um Trælemerke og Danemaal
dei talar, men byd berre Tøv og Skraal,
dei Folk, som paa «Maulet» vil lirka seg fram
til lønsame Embætte, høgaste Tramm - -
Kann henda, so tagnar del eingong enno
med innharme Utfall og kjem seg til Ro;
naar fyrst dei hev rasa med Munn og med Blekk,
so kjem det vel atter: Salaten skal vekk,
ja alt, som oss minner um Trældomsband,
for norskt skal det vera, vaart norske Land!
Kr. Torp Hansen
Ver helsa, djerve Jute, fraa Slesviks dyre Jord
med syrgjeslørde Dybbøl, der blodraud Valmu gror,
du skyna Folkehugen her millom høge Fjell,
vaar Venskap hev du vunne, heilt til din siste Kveld.
Du skyna just det saare i Norske-bondens Barm,
di vart du ein av vaare og slo for Maalet varm.
Lat Illska mot deg fræsa lik Orm i solheit Lid,
det vert ein annan «Tone» i Norigs Mognings-tid!
Til Telemarkis Dalar du fór og sette Bu,
der Folket malmfullt talar og hev paa Norsken Tru,
du hjelpte deim i Striden mot Snobb og skynlaust Knot,
her galdt det Odelsretten for alt av heimleg Rot.
Vaar Vyrdnad, Sørejute, di Stoda ho er greid,
som Son av kuva Slesvik du styrde rette Leid,
du synte Eld i Strævet, ja, Dug og Hjartelag,
og difor mot deg vinkar i Takksemd Norigs Flag!
Song til Telemark
Du Telemark, du Telemark,
med Dalar, Lid og Fjell,
du Telemark, du Telemark,
der kvite Fossar fell . . . .
Eg lengtar tidt til Folket der,
som talar gamalt Maal,
dei synte det i Vaapn-ferd,
dei var av norrønt Staal!
Til, Telemark, til Telemark
fraa Staak og Røyk i By,
til Telemark, til Telemark,
daa vert eg plent som ny
- med Hjuringlokk fraa grøne Heid
og Pust av svale Vind,
med Elvarsus paa langan Leid
og Snjo paa kveldraud Tind!
Du Telemark, du Telemark,
du ligg mitt Hjarta nær.
Du Telemark, du Telemark,
ein Huldreheim du er;
der Norskdom varm i Hjarto brenn
i Daad, i Dikt og Draum,
der Myllarguten liver enn
i fager Toneflaum!
Du Telemark, du Telemark,
du hev ditt eige Lag.
Du Telemark, du Telemark,
Takk for ditt Fridomsdrag!
Du fostra gjæve Vinje-gut
vaar store Merkesmann.
Hans Aand var som den stolte Nut
i siste Solfallsbrand!
Du Telemark, du Telemark,
du er mi eigi Bygd.
Du Telemark, du Telemark,
du gjev mitt Hjarta Frygd!
Du Heim, der Far og Mor hev stridt,
Du er ein heilag Stad.
Du Telemark - so friskt og fritt -
du fær mitt beste Kvad!
Norrønafolket
Sjaa, Krossen blenkjer i Ishavs-sol,
høyr Klokkur paa Svalbards Strand . . .
Orga tonar upp-under Pol:
Gud signe vaart Fedraland!
No ljomar Song under Kyrkjetak
langt sør og i høge Nord,
ròdar og renn du, Norrønadag?
- fraa gamalt me vide fór!
Ung-Norig, lyd aat den tunge Ôm,
som kjem med eit stormfullt Drag . . .
Det er klokka i Gardar-dôm,
ho manar med sterke Slag!
Ho manar deg, Ungdom, til Haralds-verk,
til Strid for aa reisa ditt Land!
Syn, at i deg er det same Nerk,
so slit me kvart Træleband!
Det danske maal i Norig - !
Det danske Maal i Norig, det maa døy,
me tek vaart gode Sverd fraa Beltet fram,
ei Luring her -! fraa Grenseskil til Øy
me bøta vil paa denne Folkeskamm,
at Danemaalet sit i Haralds Rike
og trur, at Norsken skal attende vike.
Er det so gildt i Kyrkja, Heim og Ting,
det Framandmaal, du Nordmann «stolt» og «fri»?
Er det slik Daam og Kraft og fager Sving
i det, at Norsken stødt maa Husmann bli?
Du norske Gut, ja, du skal gjeva Svar,
eg vonar, du vil syna deg som Kar!
Soldatsong for telerne
Med blakrande Fanor og full Musik
kom Telerne heim ifraa Strid,
aa verna um Landet var gamall Skikk,
slik var det i Farfar si Tid;
naar Bodstikka gjekk, og naar Vardarne brann,
daa møtte dei fram, kvar ein vaapenfør Mann,
og mang ein han stupa paa Grensa der aust,
naar fyrst det bar retteleg laust!
Betre falla med Æra
enn aa liva med Skamm!
so han tala Olav Rye
- Telegutar fram!
Og Fjellguten møtte ved Kyrkja paa Tinn,
og Trumma og Halvmaanen lét,
snart stod han paa Lina og retta seg inn
- dei høyrde, at Gjentorne grét . . .
Ja, kjem det ein Dag, at vaart Land er i Naud,
og spyrst det for Aalvor um Liv elder Daud,
naar Hornet oss kallar til Verja og Vakt,
so gjeng me til Grensa i Takt!
Betre falla med Æra
enn aa liva med Skamm!
so han tala Olav Rye
- Telegutar fram!
Til Statsminister Gunnar Knudsen
Pa 70-aarsdagen.
Varme Kjenslor mot deg strøymer
-Hovding gjæv - paa denne Dag,
Takksemd Bylgja mot deg fløymer.
og tiltopps gjeng Norigs Flag!
Du, som stort um Landet tenkte,
aatte Vidsyn, Kraft og Mod,
for vaar Rett ditt Auga blenkte,
hugheil du i Striden stod!
Du, som slo for Framtids-tankar:
Alle nøgd med sine Kaar.
Landsens Bate, det var Maalet
- Norigs store Folkevaar!
Hogg du fekk, du Motstraum møtte,
hardt, og beiskt var mangt eit Ord,
i din Barm, det ei seg røtte,
dertil var du deim for stor!
For alt godt ditt Hjarta loga
høgvyrd Helsing daa idag,
Fagna-kar i Norigs Soga,
Takk for kvart eit mannlegt Slag!
«Norskdom»
«Det kongelige Frederiks -» det er eit høvlegt Namn,
det er den norske Skuta med Danebrog i Stamn,
det minner um den Tidi her, daa alt var danskt og godt
i Stormanns-hus og Hytta og kongelege Slott.
Ver takksam, norske Bonde, og bøyg ditt Hovud stillt,
slaa ned Norrønamaalet, det er 'kje nær so gildt
som det fraa Danmarks Sletter, det hev ein betre klang,
er greidare i «Bisness», stend høgare i Rang.
Hurra for Christiania! - det ærefulle Namn,
det er den norske Skuta med Danebrog i Stamn,
Hurra for Drammensveien, og dei som trakkar der,
som liver i «kulturen» og godt aat «Maulet» lær . . .
Nei, vakne, norske Bonde! det lakkar imot Val,
gakk stolt til Løve-urna, legg Setlen i og tal,
so «Ringen» inn-i Christians-by fær høyra Slag i Bord,
ja, heit og heilag, Nordmannsharm fraa Fjell og Dal og Fjord!
Prøyssen!
No ligg ho der paa sine Syndaverk
di Junkarhurv og alt det fine Herk,
nyst saag me Enden paa ditt Skrøyt og Skraal,
du «Herre-hus», som tynte andres Maal
- din «Storsjø-flòte» tevjar róten Kaal!
For du var hard og naadelaus som faa,
du kunde berre smeisa til og slaa,
aat andre laga du eit veldugt Ris
men Briten tok deg paa den rette Vis,
ja, det var Gut, som lærde deg - Eksis!
Ja, det var Kar, som lærde deg aa skyna,
at andre og hev Manna-vit i Haus,
du rekna ut, det skulde godt seg løna
aa gjera Ufred, hækne Junkar-schmauss,
men Briten greidde Biffen - ut - heraus!
Dei kom fraa vest med fagre Fridoms-stjerna
i høge Mast - daa datt du reint i Fisk,
dei vilde Smaafolk imot Valdsmenn verna
og fria dei fraa prøyssisk Hundepisk.
Det var den siste Lusing - den var frisk!
John Lie
Du sit der graahærd, gjæve Skald,
og skodar yvi Heid
- eg minnest Ørni kvassøygd burtpaa Nuten -
du var nok med og staka ut vaar norske Stemneleid,
og difor her ein Song aat Tele-guten!
Ja, naar eg vyrdsam helsar deg,
so stend det tusund bak,
som elskar varmt den rette Heimlands-tonen,
du bia vonfull Aar for Aar,
i Syni, Trui rak
- no kjem med Tyngd den norske Bataljonen . . .!
Takk for di «Aarolilja» væn,
fødd paa din Tankestraum,
for «Hugaljo», «Knut Trondson» og for «Staale».
din Diktarskap so mangfald,
om sterke Daad og Draum
- din lange, trugne Strid for Heime-maale!
Olav Rusti
Kunstnar fin og adelsboren,
heilrend, stilfull i di Ferd,
kjenslevarm, i Pakt med Vaaren,
grip for Framstig enn til Sverd!
Glødd for gamle Sogeminne
- Norigs Stortid i si Bragd -
heisar, norsklynd innarst inne,
du det raude, gule Flagd!
Gull det var, du kring deg strøydde,
med di rauste, rike Hand,
og vaar Maalmark ei du snøydde,
vâk du saag mot Snorres land . . .
Hjartelag for heimleg Tunge
aatte du, og traust du stod.
Lyft di Fana, Bjørgvin unge,
heidra stolt ditt beste Blod!
Ved Rasmus Steinsviks baara
Han søv med Heiderskrans um Panna,
han stridde hugheilt for sitt Land,
ein Fagna-kar, det maa me sanna,
eit Hjarta, som for Norskdom brann!
Som Hovding i ei Dovnings-tid.
han volde at me, framyv' skrid.
Han søv med Lauv um kvite Panna,
me heisar Flagg i Sorg paa Stong,
dei trugne Andlitsdrag vil standa
som Maning for oss mang ein Gong . . .
Hans Aand med stille Vengjeslag
oss fylgjer mot vaar store Dag.
Til Losje Første Norske
På 40-aarsdagen.
Heis ditt kvite Templar-flag
stolt paa denne Minne-dag.
Sanna maa kvar ærleg Mann,
gagnleg var du for vaart Land.
Von og Tru fraa fyrste Stund
- røtte deg i mager Grunn,
mang ein Motmann, morsk og lei,
skræmde ikkje deg - aa nei!
Fram du gjekk traass ill-lyndt Skraal
- Alles Vel ditt fagre Maal;
Huset ditt stend stødt og trygt,
paa det gode hev du bygt.
Modig la du ut til Strid,
peika mot den nye Tid,
hundrad tusund no stend Vakt,
- vesle Flokken vart ei Magt!
Norig saag det litle Fræ
veksa til eit veldugt Tre,
breida seg med Grein og Blad
yver Øy og Bygd og Stad.
Snart me taka skal eit Tak
for vaar edle Folkesak,
kvasse Vaapn - I Gevær! -
tungt han kjem, «den graae Her».
Norigs Ungdom til deg drag,
fullvisst renn den store Dag
Landet fridd or Rusdrykks-band
- meire Ljos for Møy og Mann!
Hand i Hand me traust vil staa
kring vaart Merke - store, smaa.
Lyft det høgt og djervt mot Sky
- Von og Tru, ja fram paany!
Det maal -
Det Maal, dei hæder flott og lett,
det slær seg fram til Rang og Rett!
Innunder graae Vadmaals-kjol
det skin som Gull i Sumarsol!
Naar me er lagt i myrke Grav,
det ljomar sterkt som Storm fraa Hav!
Naar me er burte, fær det Rom,
daa tonar det i høge Dôm!
Daa møtest stolt ved Kjerteljos
eit samla Folk i Nidaros!
Ved Ivar Aasen-steinen
(Vaar Frelsars Gravlund).
Det gustar kaldt, ja, det er Haust herinne -
dei fell til Jordi stillt, dei gule Blad . . .
Di Grav, det er, eg her idag vil finne,
du Skald, som røyvde heimleg Strengje-rad!
Aa sæle Stund, paa heilag Jord aa vanke,
eg stanar braadt - herunder kviler han,
som hyste i sin Barm so stor ein Tanke,
som saag i Aandi attreist Haakons Land!
Den Tanke, som fraa rike Vell er runnen,
gjeng lik det skarpe Skot sin beine Gong,
han bryt seg Veg igjenom Flintegrunnen
og tirlar ut i solfull Sigersong!
Du var so bljug som nokor Sjæl i Verdi,
du tok ein Umveg, um du honom fann;
i Fòri, der du gjekk, daa blinkar Sverdi,
du vart nok lell vaar største Upprørsmann!
Du samla Ærekjensla kring ditt Merke,
det blakrar høgt, um du i Mold er lagt,
me skal det verna, Hovding, stille, sterke,
i Bygd og By det hev si heite Vakt!
Du saag ein Ungdom under Norigs Fana
med norrøn Byrgskap som i gamall Tid,
di laage Tuva skal oss stendigt mana
te' strida trufast ut den gode Strid!
Hans Reynolds: Dagsens dikt. - Oslo : Tvedte, 1920. - 48 s. | |
Porsgrunn biblioteks hjemmeside | Søk i bokbasen |